Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Furuly barnehage

Velkomen til Furuly barnehage. 

Me er ein liten barnehage med tre avdelingar der “alle kjenner alle”, og ligg i landlege omgjevnader på Ådland. 

Barnehagen ligg i enden av ein blindveg, midt i furuskogen, med kort avstand til flotte turområder og sjøen. Nærområdet vårt er trygt og roleg, og næraste naboar er Spar butikken, Hystad skule og Stord sjukehus.

Barn og foreldre møter og vert kjendt med alle tilsette då me har tett samarbeid på tvers av avdelingane.

 Me har dyktige tilsette som jobbar for at alle barn skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Dei er omsorgsfulle, set tydelege grenser, er aktivt med barna i leiken og passer på at alle vert inkludert.

Barna skal få positive opplevelsar i barnehagen ved å høyre til i eit inkluderande fellesskap og utvikle venskap. 

Me har nulltolleranse for mobbing og krenkelsar, og jobbar kvar dag med å hjelpe barna til å utvikle sin sosiale kompetanse.    

Barnehagen nyttar biletsymbol, ASK (alternativ, supplerende kommunikasjon) som språkstøtte til alle barn. Å utvikle eit godt språk er noko av det viktigaste som skjer i eit barn sitt liv. Ei god språkutvikling legg grunnlaget for den sosiale, den kognitive så vel som den emosjonelle utviklinga.        

Barnehagen deltek i Læringsmiljøprosjektet i regi av Utdanningsdirektoratet. Målet er å utvikle eit inkluderande leikemiljø som tek utgangspunkt i barna sine interesser og behov når det gjeld leiker, materiell og fysisk utforming.

Personalet skal synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring.

Barnehagen gjev tilbod til 40 - 45 barn fordelt på tre avdelingar.

 

Ta kontakt med styrar dersom du ynskjer å komme på besøk.

Telefonnummer til styrar og direkte til avdelingane:

Styrar: 941 46 091

Maurtua: 941 41 493

Grøn: 975 52 170

Raud: 948 76 502

Adressa vår er Olvikvegen 50A, 5416 Stord.

Følg Furuly barnehage på facebook
 

DSCN 3003.JPG

Hugs å søkja sommarbarnehage innan 14. april

Dei kommunale barneahagane i Stord kommune har tilbod om sommarbarneahge. 

Sommarbarnehagen i år er i Furuly barnehage. 

Aktuelt

Frontbilete raud gruppe

Velkomen til dei kommunale barnehagane

Me ønskjer at barnehagen skal vera dein del av den gode barndommen for barnet ditt, og me ønskjer at tida i barnehagen skal rusta barnet for framtida
barn i kvite kjolar - det er luciatog - foto

Luciatog i Furuly barnehage

I Furuly barnehage er det tradisjon at dei eldste barna går luciatog kl. 08.00, og foreldra er invitert til å komme og sjå.