Me er ein liten barnehage med tre avdelingar der "alle kjenner alle". Personalet som jobbar hjå oss har høg fagleg kompetanse og erfaring. Barn og foreldre møter og vert kjendt med heile personalgruppa, då me har tett samarbeid på tvers av avdelingane.                                                                                                                                                                                                                                                                                                   Barnehagen ligg i enden av ein blindveg, midt i furuskogen, med kort avstand til flotte turområder og sjøen. Nærområdet vårt er trygt og roleg, og næraste naboar er butikken, Hystad skule og sjukehuset.

Satsingsområda våre er språk og eit inkluderande barnehagemiljø.  Å utvikle eit godt språk er noko av det viktigaste som skjer i eit barn sitt liv. Ei god språkutvikling dannar grunnlaget for den sosiale, den kognitive så vel som den emosjonelle utviklinga.

Me jobbar for at alle barna skal få positive opplevingar i barnehagen ved å høyre til i eit fellesskap, utvikle venskap og sosial kompetanse.

Personalet skal synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring.

Barnehagen gjev tilbod til 40 - 45 barn fordelt på tre avdelingar. Avdelingane finn du til høgre.

Søk plass her

Om barnehagen

  • Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15.
  • Me held stengt 4 veker i juli, veke 27.28. 29 og 30. Det er mogleg for dei  borna som treng det å vere i "Sommarbarnehagen" i veke 27 og 28. Det er ein av dei kommunale barnehagane som har eit tilbod dei to vekene

Mål

Leggja tilrette for at barna gjennom dei sterke sidene sine får styrkja evna til læring, utvikling og livsmeistring. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Utvikla eit fysisk og psykisk læringsmiljø med fokus på språkleg og sosial utvikling. Arbeida med prosjekt og tradisjonar som borna syner interesse for.

Leiken

Leiken har ein sentral plass i vår barnehage. Me veit at leiken stimulerer fleire av barnet sine utviklingsområder. Det gjeld språkleg, sosial, emosjonell, kognetiv og moralsk utvikling. Leiken er også med på å utvikle evna til å løyse problem, og barnet lærer noko om korleis verda fungere både sosialt og fysisk. Når barna leikar med andre får dei trening i å forhandle, dele, finne gode løysingar, lytte til kvarandre og ta hensyn. Gjennom leiken oppstår venskap mellom barna, og venskap er viktig for at barna skal trivast i barnehagen. Det er også med på å forebyggje mobbing når barna har gode relasjonar til kvarandre. For at leiken skal blomstre treng barna tid, plass og noko å leike med. Personlet legg tilrette for gode vilkår for leik sånn at barna kan utvikle god leikekompetanse og delta i leik med andre. Me jobbar for å ha eit inkluderande miljø der alle barn kan delta i leik og erfare glede i leiken.

Læring

Barnehagen er både ein trygg omsorgsarena og ein viktig læringsarena, og den aller første delen i eit utdanningsløp for barna. Me er oppteken av at barna lærer i alle situasjonar, og at dei uformelle situasjonane er like viktige for barna si danning og utvikling som dei meir formelle. Gjennom tilrettelegging av aktivitetar nyttar me ofte leiken som innfalsvinkel til læring. Leikegrupper kan vere ein måte å øve på sosiale ferdigheiter på, også språk og kommunikasjon. Læringssituasjonar oppstår ofte spontant der den vaksne følgjer opp barnet si undring eller spørsmål. Læring skjer også i kvardagsaktivitetar og i rutinesituasjonar som t.d. i måltider og ved påkledning. I dei formelle situasjonane, som t.d. ei samling, er fokuset vårt meir på kunnskapsformidling med utgangspunkt i dei sju fagområda. Barna skal utvikle kunskapar og ferdigheiter innafor alle fagområda gjennom undring, utforsking og skapande aktivitetar.

Vaksenrolla

Kvar dag går forventningsfulle barn inn porten til barnehagen sin, til venene sine og til dei vaksne som jobbar der. Ein av dei viktigaste faktorane når det gjelder kvalitet i barnehagen er dei vaksne som jobbar der.

Vårt syn på vaksenrolla og utøvinga av den byggjer på den autoritative vaksenstilen. Den autoritative vaksenrolla skal vere prega av varme og respekt for barnet både gjennom relasjonsbygging og gjennom å sette grenser. Målet er at alle vaksne er varme og grensesettande som hjelper barnet med å gjere gode val i ulike situasjonar. Det betyr at denne vaksenstilen skal utgjere ein viktig del av barnehagen sin pedagogiske plattform, gje dei tilsette ei felles forståing og gje barna tryggleik og forutsigbarhet.

Dagsrytmen

Barnhagen opnar kl.06.30. Då er det leik inne fram til frukost. Barna på Grøn -og Raud avdeling har fleksibel frukost kl.08.00-08.45. Barna som kjem etter det må ha ete frukost heime. Barna på Maurtua et frukost kl.09.00. Etter frukost jobbar me med ulike pedagogiske opplegg inne eller ute. Ca .kl.11.30 et dei store barna lunsj. På Maurtua et barna frukt før dei kviler seg, så et dei lunsj når dei står opp att. Etter lunsj er det leik inne eller ute. Ca. kl.14.00 får borna frukt og/eller knekkebrød. Barnehagen stenger kl 16.15.

 

 

Visjon og verdiar

Visjonen vår er:  "Glade og trygge barn som har tru på seg sjølv og omtanke for andre".

I barndomen vert grunnlaget lagt for vidare utvikling og vekst. Vår oppgåve er, saman med føresette, å skapa ei best mogeleg utvikling for borna.

Verdiane våre er å vera:

  • Demokratiske
  • Likeverdige
  • Kompetente
  • Glade

Barnehageruta

Barnehageruta finn du i kalenderen nedanfor eller du kan lasta den ned på denne sida.

Logg inn for å sjå bilete