Fysioterapi kan bli gjeve både for å førebyggja og for å behandla sjukdom eller skade. Den kommunale fysioterapitenesta består av fysioterapeut tilsett i kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen (avtaleterapeut). Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt og til dei som bur i institusjon. Behandling vert gitt individuelt eller i gruppe.
Tenesta er ein del av kommunen sitt habiliterings- og rehabiliteringstilbod.
Teieplikt:
Dei tilsette har teieplikt. Teieplikt skal verne om pasientens personvern og integritet og sikra befolkninga si tillit til helse- og omsorgstenesta.
Tilvising
Ved behov for teneste kan brukar sjølv kontakta tenesta direkte eller via Tildelingskontoret, skriftleg søknadsskjema til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester» eller via fastlege. Andre kommunale tenester kan også henvenda direkte ved behov, brukar skal då vera informert om dette i forkant. Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert handtert og prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Terapibading
Varmtvassbassenget er 12 m x 15 m stort og har ei djupne frå 0,70 til 1,50 m. Vasstemperaturen er 34 gr. Bassenget har eigen garderobe for funksjonshemma, med heis frå garderobe til basseng, og rullestolrampe ut i bassenget. I garderobane er det tilgjengeleg rollator og dusjstolar.
Kontakt for terapibading: Andreas Sirevaag mob: 41405425
Fysioterapeut tar kontakt for avtale. Ved behov lagar fysioterapeut treningsprogram. Vidare må ein bestille time og trene på eigenhand. Det er mogleg å ta kontakt med fysioterapeut undervegs.
Telefonnummer til basseng: 534 96708
Kostnad: Pris for alle over 18 år er Det vert sendt ut faktura. |
Kr 100 |
Åpningstider for terapibading er:
Tysdag – torsdag:frå kl 09.00 – 13.00
Fredag: fredag frå: kl 09.00 – 11.30.
Siste onsdag i månaden er det stengt. I perioden midten av juni til i midten august 2017 er bassenget stengt for alle. Du kan betala med kort eller kontant. Utleige kalender finn du på Stord kommune si heimeside. Hygienereglar for basseng er oppslått i garderoben. Maks 25 personar i bassenget kvar time.