Kommunen får meldingar om at folk bryt råd som gjeld heimekarantene. Det er viktig at alle som har fått melding om at dei er nærkontaktar og må vera i karantene, følgjer opp dette på ansvarleg vis i 10 dagar frå siste kontakt med den smitta. Korleis dette skal gjennomførast ligg lett tilgjengeleg på www.fhi.no

Dette er ein viktig reiskap for å bremsa ytterlegare utbreiing av smitte og unngå trong for innstrammingar  for alle.

Kommunen har og lagt ut råd til innbyggjarane om å halda seg mest mogleg heime på fritida og unngå å samlast i større grupper dei neste dagane. Dette er meint som eit generelt råd for særskilt å nå tak i ungdomsgruppa og dei som har ungdommar i husstanden. Det er ikkje gitt restriksjonar på arrangement og samkomer som er planlagd gjennomførte i samsvar med gjeldande råd om smittevern.