TV-aksjonen - Sparebank vest ved teljar Siv Randi Skard får blom og takk for god hjelp gjennom mange år.I over 30 samanhengande år har Sparebanken Vest hatt ansvaret for å telje opp beløpa som er komen inn under dei ulik TV-aksjonane. Søndag takka ordførar Gaute Straume Epland og Anne Line Innvær, som er ansvarleg for Aksjonen på Stord, Sparebanken Vest for godt samarbeid og imponerande innsats.

Stord samla inn kr 869 977,- av totalt 225 250 345,- innsamla i heile landet. Kr 46,53 pr. innbyggjar. Dette er kr 4,18 over landsgjennomsnittet på kr 42,35.

I tillegg skal Nysæter ungdomsskule ha open dag med utstilling og presentasjon av elevarbeid (dei har jobba med FN sine berekraftsmål), sal av elevprodukt og kafé fredag 25.10. Inntekta skal gå til TV-aksjonen/Care.

Fekk du ikkje gitt under TV-aksjonen 20. oktober kan du fortsatt gje på TV-aksjonen si side: www.blimed.no.

TV-aksjonen har vert gjennomført kvart år sidan 1974 og er blitt ein tradisjon i Noreg. Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla midlar per hovud og antal frivillige.

Bilete på topp: Siv Randi Skard og banksjef Arve Havnerås i Sparebanken vest saman med Anne Line Innvær og Gaute S. Epland. 

Bilde i artikkel: teljeansvarleg i Sparebanken vest, Siv Randi Skard, får blomst og takk frå ordførar Gaute S. Epland.