Me vil takka folk i Stord for innsatsen mot overføring av smitte. Nasjonen har, så langt, lukkast og stordabuen har teke del i dette. Me har no fått høve til å løysa opp i dei strammaste restriksjonane slik at me kan leva meir normalt.

Me må likevel hugsa at «koronaforskriftene» framleis gjeld i heile landet. Me veit at viruset er her og må kjempa mot at det formeirar seg. Dette gjer med ved ulike tiltak som me må halda fast ved. Virus treng oss som berarar, for å kunna formeira seg. Me bremsar formeiring ved å hindra overføring mellom folk.

Levereglar som me må føra vidare i kvardagen er eigentleg lette. Dei let seg gjennomføra. Me kan unngå ny ned-stenging av samfunnet og kan har det triveleg saman. Det gjeld avstand – reinhald av hender og kontaktpunkt – og at dei som kjenner seg litt sjuke i luftvegane, skjermar seg frå andre.

Det vert truleg meir folk på Stord denne sommaren enn me er vane med. Me skal ta imot besøkjande, reisa rundt og vitja kvarande. Sosial aktivitet opnar for overføring av virus. Den skal såleis heile tida kombinerast med dei kjende levereglane for avstand og hygiene. Det får me til og det vil gagna alle. Me kan oppleva at det vert store samlingar av folk, men då kan kvar einskild ta ansvar for avstanden til dei andre og ev. trekkja seg tilbake etterkvart.

God sommar – hugs ein-meteren, hald hendene reine og ta ansvar.

Sjå brevet her.