Før kampanjen var det 5 539 av 14 764 innbyggjarar over 15 år som hadde digital postkasse. Etter kampanjen er det 6 284 innbyggjarar som har digital postkasse. Målgruppa (14764 stk) er alle innbyggjarar over 15 år som ikkje har reservert seg mot digital kommunikasjon, som enno ikkje har oppretta digital postkasse.

Målet med kampanjen var og er å gi folk eit lite puff, slik at postkassen i endå større grad blir allemannseige. 

- Det er svært positivt at fleire og fleire stordabuar tek i bruk digital postkasse. Det er bra for miljøet og for økonomien, og gjer at me kan kommunisera raskare og sikrare med innbyggjarane våre. E-post og den tradisjonelle papir-posten er ikkje trygg nok til å formidla personsensitiv informasjon. Ambisjonen er at endå fleire skal gå over til digital post, seier rådmann Magnus Mjør.

Digital post er sikkert, raskt og miljøvennleg - og gjer at stat og kommune sparar pengar. Me sparer minst 14 kroner i porto for kvart brev me sender digital, gjer som 1,9 millionar nordmenn, opprett digital postkasse. Gå inn på www.norge.no

Sjå reklamefilm om digital postkasse:

Gratulerer med dagen (1/5) from Difi on Vimeo.