Frå 27. april 2020 er det bestemt at det vert ei gradvis opning av grunnskulane i Noreg, og elevane på 1.-4. trinn skal møta på skule og SFO igjen. Opninga skal skje kontrollert, med nødvendige smitteverntiltak på plass. Skuleeigar og rektorar styrer etter føringar i forskrift og smittevernrettleiar utarbeidd for dei ulike hovudtrinna.

Dei viktigaste køyrereglane er at sjuke elevar og tilsette skal bli heime, det skal vera god hygiene og redusert fysisk kontakt. Tilsette i skule og SFO samarbeider om samansetjing av grupper, slik at ein søker mest mogleg stabilitet.  

Elevane skal vera i mindre grupper, og dei skal vera meir ute.

Konkrete smittevernråd til skulane er å:

  • sikra gode rutinar for handvask og sørga for nok desinfiserande utstyr
  • organisera i mindre grupper med om lag 15 elevar
  • la elevane vera mykje ute i undervisninga og på SFO, og unngå store samlingar
  • sørga for at elevane har fast plass med god avstand til dei andre
  • ha gode rutinar for måltid og avgrensa deling av mat
  • ha ulike tidspunkt for friminutt og hjelpa elevane til å halda avstand
  • avgrensa deling av utstyr og vaska utstyr som vert delt godt
  • avgrensa bruk av offentleg transport til og frå skulen så mykje som mogleg

Ein skal praktisera avstand i skuleskyss og medan ein ventar på skuleskyss. Ein bør unngå offentleg transport dersom dette er mogleg.

Foreldra vert oppmoda om å ikkje bli med inn i garderoben. Dei tilsette tek imot elevane ute. Slik kan ein redusera kontakt.

Utdanningsdirektoratet har laga eit informasjonsbrev til foreldre med barn i skulen. Dette skrivet kan de lesa her

Ta kontakt med rektor eller SFO-leiar om de har spørsmål. Ta kontakt med fastlege dersom de lurer på om eleven kan vera på skulen og/eller i SFO.