pc.jpg

I desse dagar deler Stord Kommune ut eigen låne-pc til alle elevane i 5.klasse, 6.klasse og 7.klasse! Eg har vore så heldig å få installert alle 170maskinane og no er me klare til å ta dei i bruk. Elevane har vore veldig begeistra! Men om det skulle dukka opp ting er det viktig at elevane gir beskjed til kontaktlæraren sin eller får hjelp av føresette. Vidare kan kontaktlærar ta kontakt med meg som er IKT-ansvarleg på Langeland Skule eller IKT-avdelinga i kommunen. Legg ved kontrakten her på heimesida for dei som har behov for det. Og til slutt vil me ynskja alle lykke til med bruken. Eg tenkjer at dette vil vera eit digitalt løft for elevane våre!

 

Mvh Marianne Sjursen

IKT-ansvarleg på Langeland Skule

marianne.sjursen@stord.kommune.no