5-åringane går sitt siste år i barnehagen. Dei fleste har gått i barnehagen frå dei var eit år,og mange begynner å bli klare for å oppleva noko anna. Dei høyrer mykje om skule og det som ligg framføre dei, samstundes som dei er i ei rivande utvikling som kan opplevast utfordrande både mentalt og fysisk for dei.

Å gjere dei eldste barna best mogleg budd til overgangen til skule er ei ekstra viktig oppgåve for oss vaksne dette året. Ei oppgåve som har funne stad sidan den dagen barnet begynte i barnehagen, men som no stiller auka forventingar til barnet si eiga mestring. Barnet er nå blitt så stort at det å gi det auka utfordringar, meir friheit og større spelerom når det gjeld medverknad og medbestemming i eigen kvardag vert naturleg. Nokre av 5-åringane er kanskje begynt å bli litt "lei" livet i barnehagen og me vaksne må vere tett på for å gi dei gode og inspirerande muligheiter til leik. Me må stimulere deira nysjerrigheit og deira appetitt på livet.

Ei av dei viktigaste oppgåvene me har i høve det å bu 5-åringen på det som ventar etter barnehagen, er å støtte dei og hjelpe med deira utvikling av sjølvstende i løpet av dette siste året i barnehagen. Det å kunne kle seg, pakke sekken, klare seg på toalett og å vere gode hjelparar for kvarandre legg me stor vekt på. me forventar av barna at dei skal ta meir ansvar for seg sjølv og sine ting. Fokus på meir aktivitet som styrast av dei vaksne er viktig med tanke på barnet sitt behov for å øve på å innordne seg til gitte rammer. Det er samstundes viktig at barnet opplever å bli sett og høyrt for sine innspel. Gjennom prosjektarbeid får barna øve seg på å arbeide fram prosessar mot eit mål, der deira medverknad er viktig for deira læring og oppleving av mestring. Det å kunne konsentrere seg om ei oppgåve og ta i mot beskjedar er noko me jobbar ekstra med dette året. Som vaksne fokuserar me på å gje barna gode tilbakemeldingar på det dei bidreg med med alle deira ulikskapar slik at dei skal oppleve seg verdfulle. Me ønskjer at barna skal avslutte sitt opphald hos oss med ein livskompetanse som me ser som viktig og gjerne avgjerande for ein best mogleg start vidare i livet.

Dette siste året i barnehagen har me og eit auka trykk på språk. Forteljarglede, skaping av tekst og og språklege oppgåver prega av leik skal vere framtredande på ein måte som inspirerer barna. Oppgåvene skal no knytast enno meir opp til tal og omgrep, men på ein slik måte at barna sin fantasi får bløme.

 

Knøttejudo for dei komande skulebarna

Me er så heldige å ha Linda hos oss i barnehagen. Linda er judotrenar med utdanning i frå Judoknøtter (3-6 år) til Trener 1 judo. Saman med skulebarna våre har Linda og dei andre vaksne på avdelinga "Knøttejudo" ein dag i veka. Aktiviteten er lagt opp som ein kombinsjon av enkle turnøvingar, leik, song og innslag av heilt enkle judoøvingar på matter. Det finn ikkje stad noko form for slag og spark i judo. Aktivitetane legg stor vekt på sosialisering, samhandling og trivsel, samt at økta legg vekt på å utvikle barna sin grovmotorikk, evne til konsentrasjon, samhandling med jemnaldrande og evne til å ta instruksjonar. Det er mykje song, leik og moro for både barna og dei vaksne.

 

 

 

 

 

Månadsbrev

Månadsplanar