Til no har gruppetilbodet i Dagrehabilitering hatt fokus på generell styrke og balanse. Eldre lever lengre med mange ulike helseplager og ein ser at fleire brukarar fell utanfor denne gruppa. Difor vil me frå hausten 2022 gje tilbod om tre ulike grupper, med tre ulike fokus:
- Hjarterehabilitering i perioden 23.08 - 29.09
- Fallforbyggande gruppe «Trygg på to bein» i perioden 04.10 - 10.11
- Meistring av langvarige smerter i perioden 15.11 - 22.12
Generelle kriterier for alle gruppene
- Målgruppa er personar som har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall.
- Søkjar må være sjølvstendig/ha eit lågt hjelpebehov i personlig stell
- Må kunne gå sjølvstendig med eller utan hjelpemidlar
- Søkjar må ha ein medisinsk stabil helsetilstand
- Søkjar må være informert om tilbodet og ha skrive under på søknad
Praktisk informasjon
- Tilbode vert gjeve tysdagar og torsdagar gjennom 6 veker
- Ein vil ha fokus både trening og undervisning for å auke meistring av ulike helseplager
- Ein søkjer via søknadsskjema til dagrehabilitering
- Ved spørsmal kan ein ta direkte kontakt med Avdeling for Dagrehabilitering på tlf 902 73 365.
Kriterier mestring av langvarige smerter
- For deg som har hatt smerter i meir enn 6 månader, uavhengig av årsak
- Smerter som påverkar funksjonsnivå
- Er over 60 år
Kriterier trygg på to bein/fallforebyggende gruppe
- Søkjar må ha hatt fall eller være redd for å falle
- Søkjarar med behov for generell styrke og balansetrening
Kriterier hjerterehabilitering:
- Eit opphald for deg som har:
- Hatt eit hjarteinfarkt
- Vore til PCI (utblokking)
- Angina pectoris
- Er bypassoperert
- Er hjarteklaffoperert
- Søkar må kunne gå sjølvstendig UTAN ganghjelpemidlar