barn leikar med klossar

4-årsalderen er ofte ein milepæl i utviklinga til barnet. No er språket godt utvikla og barnet forstår meir av korleis ting heng saman. 4-åringen er veldig "vitebegjærlig" og forventar forklaring på sine spørsmål. Barna i denne alderen kan forklarast ting, og det er absolutt ein alder for filosofering. Det å stille spørsmål tilbake til barnet i staden for å gje konkrete svar, kan vere eit lurt grep. På denne måten  kjem ein seg gjerne "ut av spørjetimen" sjølv og barnet kan sjølv få reflektere og bruke sin allereie tileigna kunnskap.

Til tross for 4-åringen sinemange spørsmål, er dette ein alder der barnet stort sett opplevast harmonisk og samarbeidsvillig. Barnet har stort sett jamnt humør, og er mså verdsmeistrar som elskar å få lov til å vere med å hjelpe til. Sansen for dramatikk er stor, og barnet legg hjerne litt på når ting skal forteljast.

Når barnet er i 4-årsalder, har det utvikla mange ferdigheiter. Det kan gjerne kste ein ball og gripe den igjen med begge henda, sykle på tohjuling med støttehjul, klyppe lengs ein srek, teikne skisse av menneske (hodefoting), begynnande interesse for bokstavar, ete med kniv og gaffel, telle gjenstandar (gjerne opp til sju)

I kvardagen hos oss legg me til rette for å skapa gode rutinar slik at me skapar forutsigbarheit og tryggleik blant borna. Me arbeidar mykje med gruppedeling for å kunna skapa ein best mogleg ro og tryggleik kring barna, samt for å skapa gode relasjonar med barna. I gruppedelinga står blant anna leikens eigenverdi i fokus fordi leikens verdi i barns liv er unik og difor legg me til rette for at borna skal få læra gjennom leik.

Månadsbrev

Månadsplanar