Om guten: eg er ein kjekk gut på 11 år som bur saman med mammaen og pappaen min. Eg ynskjer meg kontakt med ein familie som kan ha meg kvar 3. Veke. Då vert du kalla ein avlastingsheim. I kvardagane går eg på skulen. Eg er ein gut som er veldig aktiv og treng mykje merksemd, dei vaksne rundt meg må ha kapasitet til å sjå behova mine. Samstundes treng eg trygge rammer og reglar. Eg likar å vera ute, er glad i frilutsliv og treng vaksne/vaksen som aktiviserer meg og finn på ting i lag med meg. Det er også fint om dei vaksne er fleksible, og til dømes kan hente meg på skulen eller heime og passe meg ein periode dersom det skulle vera behov for det.

Ta kontakt

Ved interesse ta kontakt med Miriam Kirkeli i Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste på e-post miriam.kirkeli@stord.kommune.no eller tlf 468 40 204.