Å delta i fellesaktivitetar og sosiale samlingar betyr mykje for helse og trivsel. For eldre er dette særskilt viktig for å unngå einsemd og isolasjon. Stord har eit stort utval i tilbod, men det er ikkje alltid så lett å finne fram til kva som finns. Mange eldre veit ikkje om tilboda, eller kvar dei kan ta kontakt for å få informasjon.

Stord kommune ønskjer difor å samle informasjon om aktivitetar og tilbod som høver for eldre. Oversikta vil bli presentert på folkehelseforumet som blir arrangert 8. november, og vil vere tilgjengeleg på Stord.kommune.no

Slik melder du inn aktivitet: 

Fyll ut felta nedanfor og trykk på send skjema.   

(Alle felta må fyllast ut. Dersom skjema er riktig utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside når du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Meld feil på skjema til nettsida@stord.kommune.no )