I løpet av dei siste vekene har alle elevane i tur og orden vore på besøk til gruvene. 

Gruvene vert tema for kulturkvelden me skal ha 6. juni, og før me startar jobbinga mot kulturkvelden, har elevane fått mykje kunnskap om livet i grua. Me har fått høyra historiar om familiane som arbeidde i grua, og me fekk både køyra tog og gå inn i gruegangane og sjå korleis dei hadde grove etter kis. Det var mange elevar som syns det var spennande inne i gruvegongane. Elevane gjekk òg tur i området rundt, og såg alle luftehola, eller synkene rundt om i terrenget. gruvene

Me må sei tusen takk til venelaget for gruo. Dei har teke svært godt i mot oss, og dei har lært oss mykje me kan bruka vidare på skulen.