Sidan 12.mars har alle skulane og barnehagane i Noreg vore stengt, og alle elevane får no heimeundervisning av lærarane sine. På Rommetveit har me likevel hatt nokre elevar som har vore på skulen, då born med foreldre som har samfunnskritiske jobbar må få opplæring på skulen.

Lærarane driv fjernundervisning, og me er veldig stolte av  lærarane våre som har snudd seg rundt og sett i gong med undervisning over nett. Dei gjer ein enorm jobb for at elevane våre skal ha ein meinigsfylt kvardag med opplæring der dei opplever meistring i ei veldig rar og uverkeleg tid.

Me vil også få takka dei flotte elevane våre og foreldra for den jobben dei gjer med opplæringsarbeidet i ein krevjande situasjon. Det krevst mykje av dykk foreldre som må sjonglera både heimeskule og heimekontor, det er flott at de tek ansvar og løyser desse utfordringane på ein framifrå måte.

Det er viktig med variasjon i arbeidsmetodar og innhald, og bileta under viser litt av det elevane våre har jobba praktisk med desse vekene me har halde stengt.

 

Fugl_375x500.jpgVev 2_300x400.jpgFormingsoppgåve Formingsoppgåve på 3.trinn