Helgestillingar (ID 1428)

Det vil verte mogleg med auke i stilling knytt til vikariat.

Arbeidsoppgåvene inneber oppsøkjande arbeid, heimebesøk, medisinhandtering, samarbeid og koordinering med andre tenester.

Målgruppa er personar med rus og psykiske vanskar.

Me søkjer etter medarbeidar som:

  • Har relevant utdanning, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • Erfaring frå fagfeltet
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set seg
  • Veit korleis ein skal bidra til god organisasjonskultur
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Er positiv, og vil bidra til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Personar med relevant praksis og studentar kan også søkje.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.

Menn vert oppmoda til å søkje.

Søkjar må ha sertifikat.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til einingsleiar
Diana Bergeland  tlf. 952 43 278
eller avdelingsleiar Anne Bianka Nitter tlf. 930 06 283

Søknadsfrist: 24.07.2018

Søk på stilling