Helsesjukepleiar

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod, forankra i «Helse- og omsorgstenestelova».

Helsesjukepleiar har teieplikt, m.a. etter «Helsepersonellova».

Elev eller foreldra kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen om det er noko dei ynskjer å ta opp. Døme på tema kan vere kosthald, søvn, fysisk aktivitet, grensesetjing, mobbing, endring i familieforhold, venner og psykisk helse.

Faste oppgåver gjennom skuleåret:

1. klasse: Samtale med hørselstest, vekt og høgde (m/foreldre)
2. klasse: Vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste
3. klasse: Vekt og høgde
5. klasse : Undervisning om psykisk helse ; «Psykologisk førstehjelp»,  Pubertetsundervisning i grupper
6. klasse: MMR-vaksine
7. klasse: Vaksine mot HPV, 3 dosar.

Helsesjukepleiar arbeider tverrfaglig ved behov, m.a. med skule, fastlege, PPT og BUP. Samarbeid skjer etter samtykke frå foreldre.

Mobbeombod

Mobbeombodet Hordaland

 

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet.

Telefon 404 01 557

Du kan òg følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook www.facebook.com/mobbeombodet  

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.