Det er eit lågterskeltilbod, og helsesjukepleiar tilbyr støttesamtalar.

Elevane vert innkalla til helsesjukepleiar på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ønskje frå eleven sjølve, føresette eller lærarar. Mange elevar tek kontakt med helsesjukepleiar på eige initiativ.

Elevar som treng vidare undersøking eller behandling/oppfølging, vert oftast viste til fastlegen, i samråd med eleven, og føresette.

Helsesjukepleiar kan gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, sex og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-ungdom m.m.

Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette/evt. eleven. Me i skulehelsetenesta har teieplikt.

Faste rutineoppgåver:

8.trinn får tilbod om individuelle samtalar om kropp, utvikling, sjølvbilete, vennskap, grensesetjing m.m., som tek utgangspunkt i eit skjema for utfylling av helseopplysningar. 8.trinn får også tilbod om klasseundervisning i Psykologisk førstehjelp.

9.trinn får klasseundervisning om psykisk helse. Det blir tilbod om gruppediskusjon om samliv og seksualitet. Samarbeid med Politi/SLT og Nok. Bergen.

10.trinn får tilbod om Poliovaksinering.

Skulehelsetenestar er eit lovpålagt kommunalt tilbod

Mobbeombodet i Hordaland

Bilete av tekst og bilete av mobbeomboda

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no 

Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod).

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet