Om skulen

Telefon 53 40 96 30

1. byggesteg 1971, bygd etter ”ope landskap”-prinsippet. Skulen har behalde den opne strukturen med fleire fellesareal med amfi, eller ”dump”, men har også nokre klasserom.

41 tilsette:
1 rektor
1 ass rektor
27 lærarar 
9 assistentar og tilsette i SFO 
2 lærlingar i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
1 helsesjukepleiar

Tilsette

Almås, Torhild Assistent, SFO torhild.almaas@stord.kommune.no
Angeltveit, Jan Egil Hope Faglærar jan.egil.angeltveit@stord.kommune.no
Balchen, Wibekke Hovda Kontaktlærar 7b wibekke.hovda.balchen@stord.kommune.no
Brekke, Kjersti Lunde Assistent, SFO kjersti.lunde.brekke@stord.kommune.no
Elde, Vibecke Brakstad Kontaktlærar 1b vibecke.brakstad.elde@stord.kommune.no
Engevik, Grete Rakel Løklingholm Faglærar grete.rakel.engevik@stord.kommune.no
Fatland, Irene Kontaktlærar 4b irene.fatland@stord.kommune.no
Fitjar, Toril Aslaug Faglærar toril.fitjar@stord.kommune.no
Gjuvsland, Rita Assistent, Faglærar rita.gjuvsland@stord.kommune.no
Grov, Magni Fag- og sosial lærar magni.grov@stord.kommune.no
Haga, Randi Assistent, SFO randi.haga@stord.kommune.no
Hammer, Frode Kontaktlærar 5b frode.hammer@stord.kommune.no
Hamre, Kirsti Kontaktlærar 2a kirsti.hamre@stord.kommune.no
Haugland, Marte Drange Assitent, Leiar SFO marte.drange.haugland@stord.kommune.no
Helland, Jørgen Assistent, SFO jorgen.helland@stord.kommune.no
Helland, Pål Ass. rektor pal.helland@stord.kommune.no
Huglen, Anna Margrethe Kontaktlærar 7a anna.margrethe.huglen@stord.kommune.no
Hystad, Line Faglærar line.hystad@stord.kommune.no
Johannessen, Charlotte Annesdotter Kontaktlærar 2b charlotte.annesdotter.johannessen@stord.kommune.no
Langørgen, Tonje Strøm Kontaktlærar 3a tonje.strom.langorgen@stord.kommune.no
Leitet, Synne Margrethe Assistent, SFO synne.margerthe.leitet@stord.kommune.no
Lund, Guro Kontaktlærar 4a guro.lund@stord.kommune.no
Lunde, Hege Jonassen Helsesjukepleiar hege.jonassen.lunde@stord.kommune.no
Myklevold, Audhild Rafdal Assistent, SFO audhild.rafdal.myklevold@stord.kommune.no
Natvik, Randi Luggenes Kontaktlærar 3b randi.luggenes.natvik@stord.kommune.no
Nilsen, Marin Meløy Faglærar marin.meloy.nilsen@stord.kommune.no
Opedal, Cecilie Faglærar cecilie.opedal@stord.kommune.no
Riroem, Prakaikaeo Lærling prakaikaeo.riroem@stord.kommune.no
Skjønberg, Liv Rektor liv.skjonberg@stord.kommune.no
Smørdal, Liv Torunn Assistent, SFO liv.torunn.smordal@stord.kommune.no
Titlestad, Ragnhild Faglærar ragnhild.titlestad@stord.kommune.no
Torkelsen, Anita Kontor anita.torkelsen@stord.kommune.no
Tønder, Stian Kontaklærar 5a stian.tonder@stord.kommune.no
Valvatna, Per Ness Kontaktlærar 6b per.ness.valvatna@stord.kommune.no
Viste, Øyvind Kontaktlærar 6a oyvind.viste@stord.kommune.no
Weiby, Renate Assistent, faglærar renate.weiby@stord.kommune.no
Westerheim, Ann Kristin Faglærar ann.kristin.westerheim@stord.kommune.no
Ystevik, Ann Karin Kontaktlærar 1a ann.karin.ystevik@stord.kommune.no

 

Historikk

1971: I november er det 38 år sidan første byggjesteg ved Hystad skule vart teken i bruk. 11. november 1971 flytta 2 førsteklassar og 2 andreklassar inn i Landskap I. Desse elevane hadde starta skuleåret sitt på Ormaberget på Rometveit.
1973: Elevtalet var sterkt aukande den gongen, og dette året fekk me ei Moelvenbrakke til klasserom. Den er ein del av klasseromma i Paviljongen og har også delvis vore nytta som base for ei SFO-avdeling.
1974/1975: Skulen var heilt sprengd: Undervisninga gjekk heil fram til kl. 15.45. Nokre klassetrinn starta undervisninga kl. 13.05 om dagen, og det var også undervisning på laurdagar. I Landskap I, eit areal på om lag 200m, var det 5 ½ klasse inne samstundes, og klassane var svært store: 25-28 elevar i kvar.
1975: Byggjesteg II: Landskap II og administrasjonsavdelinga vart teken i bruk denne hausten. Dette var ei stor lette, for me kunne då sleppa alle løysingane av mellombels karakter. Særleg glade var me for å kunna ta i bruk gymnastikksalen ved juletider same året, for kroppsøving hadde me hatt ute, i det eine tilfluktsrommet, i idrettshallen og på Langeland skule!
Symjeundervisninga hadde me i Idrettshallen på Vikahaugane. Me måtte springa frå Hystad skule, gjennom skogen ned til ”Combibutikken” ved sjukehuset for å ta buss til symjinga. Ved retur til skulen, var det ny springmarsj opp til skulen!
Mykje fysisk aktivitet, altså. Og alle var i veldig god form.
1978: Byggjesteg III: Paviljongen stod ferdig om hausten, og Moelvenbrakka vart innlemma i dette bygget. Det skulle vera ei mellombels løysing, men har vore permanent. Vart riven juli 2015!
1979: Huset i skogen. Nok eit tilbygg for å letta trykket på det store elevtalet.
1993: Ny formingsavdeling under gymnastikksalen.
1994: Ombygging: Nytt arbeidsrom for lærarane.
1997: Valdaihuset, klasserom og fellesareal for 6.åringane ( 1.klasse/førskulen) og 2. klasse.
2007: Nybygg – Undervisningsareal for inntil 65 elevar.
2016: Hystadhuset - 4 klasserom, fellestorg.


Valdaihuset:

Sidan huset ligg på Valdai ved Valdaivegen, fann me det naturleg å kalla bygget for Valdaihuset. Mange har lurt på kor dette namnet har opphavet sitt, og etter ein del undersøkingar, har me fått følgjande forklaring frå museumskonservator Tore Lande Moe ved Sunnhordland Folkemuseum:
Valdai stammar frå dei russiske Valdajhøgdene – eit høgdedrag som dannar vasskiljet mellom Vest-Dvina, Volga og Ilmenbekkenet om lag midt mellom St. Petersburg og Moskva. Under Krimkrigen ( 1853 – 65 ) skal det her har gått føre seg ein del trefningar / kampar mellom ulike folkegrupper.
Prestevegen på Stord hadde også eit høgdedrag – eit ope lyngterreng like ved den tette granskogen ved Hystad skule. I den tida då det vart utdanna lærarar ved ” Seminariet” på Rommetveit, skal det ha kome til trefningar mellom stordabuar og ”seminaristar” oppe i dette lyngområdet. Om desse ”kampane” har vore av romantisk eller krigers art, skal vera noko uklart. Men sidan trefningane gjekk føre seg på eit høgdedrag, vart dette på folkemunne kalla Valdai, jfr. Krimkrigen.
Sidan har namnet levd vidare og etter kvart blitt eit slags munnleg kulturminne.
Når det nye bygget vart plassert midt i dette området ved Valdaivegen, kunne me ikkje finna eit meir passande namn, syntest me.
Me får tru at ”kampane” er ferdig utkjempa, og at den flotte naturen som ligg rundt Valdaihuset blir brukt til leik og andre utviklande aktivitetar.

Elevtalsutvikling:

Skulen var planlagd og vart bygd for 12 klassar, men frå 1971 til 1980 auka klassetalet frå 4 til 18 klassar. I 1993 var me nede i 12 klassar, og sidan har elev- og klassetalet auka. Den store toppen var skuleåret 2005-2006 med 454 elevar på det meste. Elevtalet har gått både opp og ned, og no har det stabilisert seg på rundt 300 elevar.

Skuleår Elevtal Skuleår Elevtal Skuleår  Elevtal Skuleår   Elevtal
- - 1980-1981 436 1990-1991 263 2000-2001 362
1971-1972  75 1981-1982 431 1991-1992 328 2001-2002 385
1972-1973 103 1982-1983 404 1992-1993 253 2002-2003 396
1973-1974 176 1983-1984 424 1993-1994 241 2003-2004 410
1974-1975 233 1984-1985 418 1994-1995 294 2004-2005 400
1975-1976 282 1985-1986 371 1995-1996 305 2005-2006 454
1976-1977 313 1986-1987 351 1996-1997 265 2006-2007 394
1977-1978 409 1987-1988 316 1997-1998 328 2007-2008 389
1978-1979 417 1988-1989 291 1998-1999 334 2008-2009 372
1979-1980 440 1989-1990 260 1999-2000 356 2009-2010 350
               
2010-2011 324 2011-2012 326 2012-2013 331 2013-2014 319
2014-2015 298 2015-2016 303 2016-2017 303 2017-2018 291
2018-2019 278 2019-2020 271