Det er ledig 1 fast stilling for sjukepleiar i 40 %, frå 15.mars 2019. For tida tredelt turnus med arbeid kvar 3.helg på legevakta

Søkjer du ein interessant  jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.

For å arbeida ved legevakta må ein ha minimum to-års erfaring som sjukepleiar eller anna relevant utdanning/arbeidserfaring. Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelinga i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta. Ein dekker eit legevaktområde for om lag 34 000 innbyggarar, og er i tillegg legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. All kontakt blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad, og i avdelinga har ein både laboratorieverksemd i tillegg til utføring av medisinske og kirurgiske prosedyrar.

Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

  • Minimum 2 års erfaring

  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.

  • Evne til å meistre et høgt arbeidspress.

  • Evne til å tenke kreativt og løysingsorientert.

  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.

  • Evne til å samarbeida tverrfagleg.

  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.

  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.

  • Har gode datakunnskaper.

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me tilbyr:

  • Løn etter tariffavtale

  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.

  • Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming

  • Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.

  • Pensjonsordning gjennom KLP

  • Bedriftshelseteneste

  • Medlemskap i Stord ve og vel 

 

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med dagleg leiar Janett S. Svendsen på telefon 90637805 eller send e-post til janett.svendsen@stord.kommune.no

Søknadsfrist: 03.03.2019

Søk på stilling