Stord kommune har ledig 100% fast stilling som arkivleiar.

Arkivleiar har det daglege ansvar for arkivtenesta. Arkivleiar er organisatorisk plassert i Fellestenester og rapporterer til  avdelingsleiar i Fellestenester.
Saksarkivet vart fullelektronisk i 2005. Stord kommune nyttar Evry sitt sak- og arkivsystem Ephorte Elements.

Arkivleiar sine hovudoppgåver:

  • Utarbeida planar for arkivtenesta
  • Føra tilsyn med at arkivarbeidet skjer i samsvar med reglane i arkivplanen
  • Føra kontroll med at dei aktive arkiva i kommunen er forsvarleg oppbevart og sikra
  • Vera kontaktperson med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS
  • Å halda seg oppdatert om den faglege og teknologiske utviklinga på arkivsektoren, og om endringar i lov- og regelverk for offentlege arkiv
  • Ansvar for arkivopplæring i kommunen
  • Delta i den daglege drifta av Fellestenester
  • Systemansvarleg for sak- og arkivsystemet

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgskuleutdanning/arkivakademiet
  • Relevant realkompetanse kan kompensera for høgare utdanning
  • Relevant praksis frå offentleg og/eller privat verksemd
  • Erfaring med IT som styringsverktøy
  • Evne til å jobbe nøyaktig og systematisk
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Lika å jobba i eit travelt miljø
  • Kunna ta initiativ og arbeida sjølvstendig
  • Positive haldningar og evne til å tenkja nytt

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Dyktige og kjekke kollegaer
  • Pensjonsordning og forsikringsordningar i KLP med gunstige banktenester, låne- og forsikringsvilkår.
     

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
 

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar Helena Schwartz tlf. 94886151 eller personal- og organisasjonssjef Annlaug Tenold tlf. 97552130.

Ta gjerne og kontakt for ein uformell samtale.

Søknadsfrist: 01.03.2019
Søk på stilling