Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med 18 000 innbyggjarar.  Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo.  Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv.  Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar.

Rommetveit skule har ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor.
Stillinga er ledig f.o.m. 01.08.2019
 

Stordskulen

Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Rommetveit skule, med sine om lag 230 elevar og 30 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Skulen er ein RESPEKT-skule som legg vekt på arbeidet med læringsmiljø, og felles satsing på dette.

Assisterande rektor vil saman med rektor vera skulen sitt leiarteam. Me ynskjer difor ein assisterande rektor som er positiv, engasjert og vil jobba for å utvikle skulen, og  som legg vekt på å bidra til godt samarbeid og godt arbeidsmiljø.

Fordeling av administrasjonsressurs og arbeidsoppgåver elles skjer i samråd med rektor. Det må påreknast at om lag halvparten av stillinga er undervisning.  

Me søkjer ein leiar som

  • vil utvikla og leia ein god skule i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar, andre tilsette og rektor
  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla skulen set seg
  • likar leiing og administrasjon og har relevant kompetanse og erfaring, til dømes innan lese- og skriveopplæring, tilpassa opplæring og digitale verktøy.
  • har evne til å inspirera, motivera og engasjera medarbeidarane
  • har evne til å leia utviklingsarbeid og kompetanse innan aktuelle utviklingsområde som er fleksibel, initiativrik og strukturert og har god relasjonskompetanse.
  • Er nysgjerrig og interessert og held seg oppdatert innan fagområdet
  • har evne til å løysa praktiske utfordringar i kvardagen

Kompetansekrav:

  • Pedagogisk utdanning
  • Praksis
  • Kompetanse innan administrasjon/leiing vil og bli vektlagt

Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunna arbeida sjølvstendig og vera fleksibel i høve til arbeidsoppgåver og organisering av arbeidet.  

Menn vert oppfordra til å søkja.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Løns - og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Britt Kristin Ladehaug tlf.: 908 96 920

Søknadsfrist: 01.03.2019

Søk på stilling