Stord kommune har etablert ein vikarpool med ein stab av fast tilsette (m/fagutdanning) i store stillingar som går inn og dekker vikariat i alle einingar innanfor rehabilitering, helse og omsorg (RHO).

Vikarpoolen  har ledig 2 x 100% fast stilling som helsefagarbeidar

Organisatorisk er vikarpoolen tilknytta heimebaserte tenester.

Tilsette i vikarpoolen er fast tilsett i kommunen, men vil variere arbeidsstad.

Aktuelle arbeidsplassar er m.a. institusjon, heimebaserte tenester og bufellesskap. Ein  skal dekke langvarig fråvær og ein går inn i turnusen til den som er borte, så langt det let seg gjera.  Døme kan vere ved lange sjukemeldingar eller medan ein venter på ei tilsetting i vakante stillingar. Dei tilsette i vikarpoolen blir fordelt jamt til dei ulike avdelingane før planlegging av ferie og høgtid.

Me har ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Som fast vikar vil du få ulik og unik erfaring.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert helsefagarbeidar eller tilsvarande
  • Du må ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)
  • Du må ha førarkort kl. B
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Løysningsorientert og likar utfordringar
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Karin Toft tlf. 91570532, einingsleiar Britt S. Dalsgård tlf. 975 52 102

Søknadsfrist: 29.03.2019

Søk på stilling