Heimebaserte tenester i Stord kommune har ein  fast tilsett stab av sjukepleiarar og helsefagarbeidar. I ei slik stilling har du fast lønn, og fast oppsett turnus. Du vil få tilknytning til ei avdeling gjennom at du arbeidar helgevaktene dine  i avdelinga – det samme gjeld i sommarferieperioden.

Me har ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Som fast vikar vil du få unik erfaring. Vikartenesta vår har eigen avdelingsleiar som har personalansvar for deg.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert helsefagarbeidar eller tilsvarande
  • Du må ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)
  • Du må ha førarkort kl. B
  • Ha god arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • Løysningsorientert og likar utfordringar
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibilitet og personlege eigenskapar vert vektlagt

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. 

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Karin Toft tlf. 915 70 532 , Einingsleiar Britt S. Dalsgård tlf. 975 52 102

Søknadsfrist: 29.03.2019

Søk på stilling