Arbeidsoppgåvene vil vera knytt førebyggande helse som ligg under eininga førebyggande tenester. Ein inngår i leiarteam i eininga og ein er delegert ansvar for fagleg utvkling, kvalitetsarbeid og dagleg drift.

Aktuelle oppgåver:

  • Fagleg leiar for førbyggande helse
  • Ansvar for drift ved helsestasjon, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom, flyktningetenesta, kommunen sitt arbeid med smittevern, reisevaksine og vaksinasjon, jordmortenesta og fysioterapi til barn og unge
  • Utvikling av tenestetilbodet
  • Undervisning og rettleiing.
  • Tverrfagleg samarbeid/samordning og systemretta arbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar,
  • Ynskeleg med leiarerfaring/ utdanning.

Me ynskjer deg som er:

  • Utviklingsorientert med høge ambisjonar på vegne av barn, unge og familiar
  • Systematisk, strukturert i arbeid med system og med einskildpersonar
  • Har erfaring med innovasjonsarbeid og utvikling
  • Tydeleg og trygg i leiarrolla
  • Engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
  • Høg arbeidskapasitet, har humor, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du trives med å leia høgt kompetente kunnskapsmedarbeidarar
  • Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar og erfaring frå liknande arbeid og leiing.
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera eigen bil.

     Me kan tilby:                                                                                         

  • Du vert ein del av den samla innsatsen til vår kommune i det førebyggande arbeidet i vår kommune saman med leiarar for dei andre tenestene
  • Tverrfagleg og samarbeid på tvers av andre einingar
  • Interessante og spanande utfordringar og utvikling av tenestetilbodet vårt.
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte kunnskapsmedarbeidarar.
  • Fleksible arbeidsforhold.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 920 64 415

Søknadsfrist: 03.05.2019

Søk på stilling