Som reinhaldsoperatør er det ledig 3 faste stillingar:

Stilling 1: 93,34%

Stilling 2: 66,66%

Stilling 3: 43,34%

Arbeids- og ansvarsområde:
Utføringa av dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg som ligg under ansvarsområdet til avdelinga.

Kvalifikasjonskrav:

  • Må kunne byrja kl. 06.00.
  • Må kunne norsk, skriftleg og munnleg.
  • Fleksibel og god på samarbeid
  • Pliktoppfyllande, punktleg og nøyaktig
  • Må vera imøtekomande og utadvendt
  • Resultat og løysningsorientert
  • Trives med fysisk arbeid i ein hektisk kvardag der ingen dagar er like
  • Trives i eit inkluderande arbeidsmiljø, der me set pris på kvarandre, spelar kvarandre gode og jobbar mot felles mål
  • Ynskjeleg med fagbrev i reinhald, erfaring frå reinhald vil vere eit føremon.
  • Førarkort klasse B og helst kunne bruke eigen bil i teneste. (Refusjon etter statens regulativ)
  • Menn vert oppmoda om å søkje

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Tove Elin Anglevik Simonsen, tlf 53 49 68 13

Søknadsfrist: 24.05.2019 ( skriv i merknadsfelt om du søker på ein eller alle stillingane)

Søk på stilling