Grunna auka oppdragsmengd søkjer me etter deg som ynskjer å arbeida med spesialpedagogiske utfordringar.

Me har ledig stilling som

Spesialpedagog  100% vikariat med moglegheit til fast tilsetjing i førebyggande tenester

Tilsetjing frå  14.08.2019 til 30.06.2020

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Barnehagelærar eller tilsvarande godkjent utdanning
  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk er ynskjeleg, lang realkompetanse evt. andre vidareutdanningar kan vurderast
  • Ønskeleg med fylgjande erfaring: bruk av IKT. arbeid i barnehage, rettleiing.

Personlege eigenskapar:

  • Samarbeid- og løysingsorientert
  • Evne til å arbeida systematisk og strukurert
  • Kan arbeida sjølvstendig
  • Kreativ og fleksibel
  • Gjennomfører det som er avtalt
  • Personleg eigna for stillinga

Stord kommune kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Dei som søkjer må disponera bil, då det kan vera fleire frammøteplassar per dag.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Birthe Blokhus, 92064415 eller koordinator spesial pedagogisk team Asborg Hystad, tlf. 48272608

Søknadsfrist:  07.06.19

Søk på stilling