Førebyggjande helsetenester har ansvar for helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste 6-20 år, svangerskaps- og barselomsorg, fysioterapiteneste til born/ungdom, helsestasjon for ungdom, flyktninghelseteneste og smittevern/reisevaksinering. Tenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og gjennom helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, medverke til ei god folkehelse.

Arbeidsoppgåver:

  • Svangerskapskontrollar etter nasjonale retningsliner for svangerskapsomsorga
  • Oppfølging i barseltid, m.a. tidleg barselbesøk/heimebesøk
  • Drift av barselgrupper, i samarbeid med helsesjukepleiar
  • Vidareutvikling av svangerskaps- og barselomsorga gjennom prosedyrearbeid og kvalitetsutvikling
  • Undervisning og oppfølging av jordmorstudentar
  • Tilvising til spesialisthelsetenesta, evt. andre tenester
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Dokumentasjon i tråd med nasjonale føringar
  • Jordmortenesta har fokus på tidleg innsats i høve til vold/overgrep, rus og psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som jordmor
  • Relevant erfaring frå svangerskaps-, føde og barselomsorg vert vektlagt
  • Søkjar må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera eigen bil

Me ønskjer ein person som:

  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
  • Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
  • Har erfaring innan fleirkulturelt arbeid
  • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
  • Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
  • Bedriftshelseteneste
  • Høgt faglig nivå
  • Etablert tverrfagleg samarbeid
  • Opplæring og oppfølging av 2 erfarne jordmødrer

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Birthe Blokhus , birthe.blokhus@stord.kommune.no

Søknadsfrist: 07.06.19

Søk på stilling