Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg mellom Bergen og Stavanger. Stordsamfunnet er i vekst og endring. Næringslivet er utviklingsorientert med verdsleiande leverandørindustri og ein marin sektor som har ambisjonar om å bli verdsleiande klynge for grøne maritime løysingar. Samfunnet er som næringslivet, internasjonalt retta. Planlegging/ utbygging av ny E39 gjennom kommunen, Hordfast i nord og Rogfast i sør medfører endra føresetnader for kommunen når det gjeld samfunnsutvikling og arealforvaltning. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur. Byen sitt unike fortrinn er at alt er nært; fjord og fjell, tilrettelagte friluftsområde, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege instansar, handelssentra og uteliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.

Er du vår nye kommuneplanleggjar?

Me ønskjer ein kommuneplanleggjar som:

  • Kan arbeide og trivast i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon
  • Er resultat- og utviklingsorientert og har evne til å nå dei måla ein set seg
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Er positiv, initiativrik og strukturert
  • Har god forståing for offentlege prosessar og forvaltning
  • Er fagleg sterk
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
  • Har høgare relevant utdanning og erfaring med samfunnsplanlegging

Stord kommune er ein tonivåkommune, og kommuneplanleggjaren rapporterer til rådmannen v/ ein av kommunalsjefane. Ny politisk organisering er vedteken og vert gjort gjeldande frå nytt kommunestyre er konstituert hausten 2019. Rådmannen vurderer også p.t. den administrative organiseringa, og endringar kan bli gjort. Det kan derfor bli aktuelt å tilsetje 2 stk kommuneplanleggjarar.

Vår kommuneplanleggjar arbeider med overordna planlegging i kommunen i samsvar med vedteken planstrategi og årlege budsjett, og har ansvar for oppfølging av regionalt og statleg planarbeid, sykkelbyavtalen og evt. andre sakshandsamings- og prosjektoppgåver innan fagområdet. Kommunen har nettopp vedteke planprogram for revisjon av både samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen.

Me kan tilby spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i utvikling, i lag med positive og dyktige medarbeidarar. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med rådmann Magnus Mjør, tlf. 916 44 039, eller kommunalsjef Lovise Vestbøstad, tlf. 911 50 097

Søknadsfrist: 30.10.19

Søk på stilling