Stillinga er for tida knytt til Backertunet 3. etg, der Stord kommune har eit heildøgns butilbod i 8 husvære med tilknytta fellesareal. Tilbodet vert for tida drifta av heimebaserte tenester, men kan verte overført til Stord sjukeheim i løpet av 2020. Tenester vert tildelt etter vedtak, og bebuarane betalar husleige (er heimebuande).

Det er ledig 100% fast stilling som fagkoordinator/sjukepleiar

Arbeids- og ansvarsområde:
Fagkoordinatoransvar for bebuarane i gruppa. Du følgjer opp at brukar får dekka sitt bistandsbehov i høve gjeldande vedtak. Som fagkoordinator har du kontakt opp mot tildelingskontoret i høve justering av vedtak, etter avtale med avdelingsleiar. Stillinga inngår i ordinær turnus, og medfører  primærkontaktansvar for eit avtalt tal brukarar. Rettleiing av anna personale ligg til stillinga, i samarbeid med avdelingsleiar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar med erfaring frå kommunehelsetenesta, enten gjennom utdanning eller praksis
  • Fordel med førarkort kl B
  • Løysingsorientert
  • Samarbeidsvillig
  • Personlege eigenskapar, fleksibilitet og relevant erfaring vil verta vektlagt

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson:  Avdelingsleiar Anne Grete Vik, mobil: 481 57 741 eller einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård, mobil: 975 52 102

Søknadsfrist: 30.08.2019

Søk på stilling