Heimebaserte tenester er inndelt i 3 avdelingar, kvar avdeling har 3 arbeidslag. I 2019 vil vi setje fokus på at brukarane skal ha færrast mogeleg tilsette å forholde seg til. Som helgeavløysar vil du difor vere fordelt til eit av arbeidslaga, så langt det let seg gjere.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande brukarar.
  • Oppgåvene vil variere frå mellom anna bistand til personleg hygiene, morgon- og kveldsstell, hjelp med måltider og medisiner, og bistand etter utløyst tryggleiksalarm.
  • Hjelp til forflytning
  • Råd og rettleiing ut frå brukar sitt behov

Kvalifikasjonskrav:

  • Stillingane høver for helsefagstudentar.
  • Også sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre med helsefagleg utdanning kan søkje.
  • Andre som kan dokumentere realkompetanse/erfaring frå kommunal pleie og omsorgsteneste kan og søkje.
  • Du må beherske norsk på B2 nivå.
  • Du må ha førarkort kl. B
  • Løysingsorientert, men med kunnskap til å sjå dine eigne avgrensingar
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Gina Kittilsen tlf 975 52 169, Anne Grete Vik, mobil: 481 57 741 og Kjellaug Øvrebø Johansen tlf 928 18 470

Søknadsfrist: 30.08.2019

Søk på stilling