Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) – er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad. Tenesta har kontorstad på Leirvik, Stord. Stord kommune er formell tilsetjingsstad. Tenesta er eit interkommunalt samarbeid etter Kommunelova § 28b,  Kommunane sitt totale innbyggjartal er omlag 33.800. Tenesta  forvalter alle oppgåver og område innan Lov om barnevernteneste i våre tre kommunar. Sib er lag(team)organisert med to aldersdelte lag som ansvarlege for melding og undersøkjing. Vidare er lag omsorg ansvarleg for barneverntiltak utanfor heimen og lag familierettleinng har ansvar for styrkingstiltak i familiar

SIB har stilling ledig som kontaktperson for barn, unge og deira familiar:

100% stilling, vikariat frå 01.09.2019 – 30.08.2020

Kvalifikasjonskrav

  • Barnevernspedagog eller sosionom

    Me ynskjer at du

  • Har erfaring med barn og unge og arbeid frå barnevernteneste, og er trygg i møte med barn, unge og deira nettverk
  • Er initiativrik, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og økonomiforståing
  • Har kunnskap om aktuelt lovverk
  • Er datakunnig og har interesse for system- og kvalitetssikring i dataverktøy
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Har sertifikat
  • Har evne til å handtera høgt arbeidstempo og stå i relasjonar over tid.
  • Er personleg eigna for stillinga

Me kan tilby:
Ei teneste med godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Ved tilsetjing må ein legga fram gyldig politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar om stillinga kan sendast på mail til: malene.rosland.eldoy@stord.kommune.no

Søknadsfrist: 27.08.2019

Søk på stilling