Stordskulen

Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Litlabø skule, med sine om lag 124 elevar og 18 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen.

Litlabø skule har ledig 100 % fast stilling som rektor.

Me søkjer ein leiar som

  • vil utvikla og leia ein god skule i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre tilsette

  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla du set deg

  • har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen, og kommunen sine plikter i medhald av desse

  • har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner

  • likar leiing og administrasjon og har relevant kompetanse og erfaring

  • er positiv, initiativrik og strukturert

  • veit korleis du skal byggja god organisasjonskultur

  • vil skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø

  • involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune

  • har fokus på relasjonsleiing og godt partssamarbeid.

 

Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis og kompetanse innan administrasjon/ leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse. Det kan verta aktuelt å undervisa i deler av stillinga. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9

 

Stord er ein to-nivå–kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor og ansvar for drift og økonomi.  Rektor rapporterer til rådmannen v/ein av kommunalsjefane, og har leiaravtale med kommunalsjefen der rettar, plikter og mål vert omtala.

 

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 53 49 66 89 eller 41 41 65 03.

 

 

Søknadsfrist: 22.09.2019