Eining for aktivitet og re/habilitering – ein aktiv og travel arbeidsplass der me samarbeider tett med andre ergoterapeutar, andre fag og yrkesgrupper. Me samhandlar og tett med eksterne samarbeidspartar.

Eining for aktivitet og re/habilitering har ledig 70 % fast stilling for ergoterapeut frå 1 februar 2020.

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit travelt og tverrfaglig miljø. Avdelinga er ein variert og triveleg arbeidsplass med fokus på tverrfaglegheit og godt samarbeid.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • I hovudsak å gi ergoterapitenester til born i Stord kommune med behov for tilrettelegging av bustad/omgjevnader, ADL- og funksjonstrening, hjelpemiddelformidling mm.
  • Ergoterapeut er koordinator i enkeltsaker.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert ergoterapeut
  • Erfaring frå kommunal helseteneste vil vere ein fordel
  • Erfaring med tenesteyting retta mot barn blir vektlagt
  • Kontinuitet i avdelinga og personlege eigenskapar vert vektlagt
  • God samarbeidsevne, god kommunikasjonsevne
  • God arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • Løysingsorientert og likar utfordringar
  • Kunne jobba sjølvstendig og i team
  • Sertifikat for bil er naudsynt

Stillinga kan og få funksjon som assisterandeavdelingsleiar.
Det vert ikkje stilt krav til leiarutdanning i stillinga.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi Andreas Sirevaag tlf. 414 05 425 eller hos einingsleiar Kristin Steinsland tlf 416 94 266

Søknadsfrist: 21.10.19

Søk på stilling