Ledig 100% vikariat i avd.sentrum frå snarast t.o.m 31.12.2020

Arbeidsoppgåver:

  • Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring og oppfølging av sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjonar og sjukepleiedokumentasjon i høve brukarane. Du har evne til å prioritere og handtere hektiske periodar og akutte situasjonar. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar.
  • Du bidreg til kvalitetsutvikling, rettleiing og HMT arbeid. Du har fokus på brukarmedverknad og møter brukar og pårørande i tråd med «Kva er viktig for deg?»

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Gode IT kunnskapar
  • Ønskeleg med relevant erfaring, anten frå studie eller praksis
  • Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig
  • Du har førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Du erstolt over sjukepleiarfaget
  • Har evne til samarbeid og fleksibilitet
  • Arbeidar målrettaog resultatorientert
  • Gjev og teki mot rettleiing
  • Arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Har evne til kritisk refleksjon over eigen praksis

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning

Sjukepleiarstudentar som blir ferdige i vår, er velkomne til å søkje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Anne Grete Vik tlf 481 57 741 , Einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf 975 52 102

Søknadsfrist: 31.01.2020

Søk på stilling