Tildelingskontoret har ansvaret for å forvalta kommunale helse- og omsorgstenester og kommunale bustader. Det vil sei at me tek imot søknader, vurderer kva behov for tenester søkjar har, og fattar vedtak.

Tildelingskontoret har ledig 100% sjukevikariat som sakshandsamar

Tilsetjing frå snarast og fram til 30.09.20 med mulighet for forlenging.

Sakshandsamingsområdet er jf. helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettighetslova.

Arbeidsoppgåver:

  • Handtera e-meldingar på utskrivingsklare pasientar frå sjukehus
  • Vurdera søknader og gjere vedtak om individuelt tilpassa tenester gjennom enkeltvedtak
  • Samarbeida med ulike tenesteytarar for å bidra til heilskap i tilbodet.
  • Gje rettleiing til søkjar/pårørande

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Kjennskap til post og journalsystemet Profil er ein fordel
  • Erfaring frå sakshandsaming og kjennskap til aktuelt lovverk.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og tverrfagleg.
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • God evne til samarbeid
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel, løysingsorientert og omstillingsdyktig

Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Interesserte søkjarar kan få nærare opplysningar hos einingsleiar Birgit Almås på tlf. 53 49 66 00.

Søknadsfrist: 31.01.2020

Søk på stilling