Det vil verta ledige vikariat og faste undervisningsstillingar i grunnskulen og vaksenopplæringa i Stord kommune frå 01.08.20.

Det vil verta behov for lærarar som kan dekka alle fag i grunnskulen.

Særlig stort behov er det for lærarar frå 1-7. trinn, grunna tideleg innsats og lærartettleik

Det vert og behov for:

  • morsmålsopplæring og/ eller tospråkleg fagopplæring / minoritetsspråklege
  • spesialpedagogar

Det kan og verta behov for lærar med teiknspråkkompetanse.

Fag og studiepoeng må spesifiserast under feltet «Utdanning»

Den som vert tilsett må vera villig til å ta øvingsopplæring og vera kontaktlærar.

Menn vert oppmoda om å søkja. Aktuelle søkjarar kan verta kalla inn til intervju.

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.

Formell kompetanse og anna relevant realkompetanse må spesifiserast.

Bruk feltet «kortfatta søknad» til å setta opp eventuelt ønskje om prioritet av skular.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte Løn og personal ved Randi Sveinsgjerd tlf. 53 49 66 02

Søknadsfrist: 31.01.2020

Søk på stilling