1 x 100 % fast stilling

2 x 100 %  prosjektstilling - med forbehold om tildeling av midlar

Stillingane vil inngå i arbeidet med barn og unge i vår kommune. Stillinga(ne) vil rettas mot rettleiing, systemarbeid for å skapa gode oppvekstmiljø i Stord kommune, samt vurderingar og intervensjonar i forhold til enkelt brukarar. Førebyggande tenester ligg under oppvekst og kultur i Stord kommune, og har tett samarbeid med barnehagar, skular, barnevern og 2. linje tenesta. Stord kommune er BTI- kommune og arbeider kontinuerleg med å betra den tverrfaglege innsatsen gjennom betre samordna tenester, tidleg innsats og foreldreinnvolvering.

Førebyggande tenester består av Spesialpedagogisk team i barnehage, Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), Førebyggande helse med svangerskapsomsorg, helsestasjon og skulehelsetenesta, Ungdomsteam med Utekontakten, ungdomskontakt og SLT-koordinator, samt fritidsklubbar for ungdom. Kommunane skal ivareta barn og unge med milde til moderate vanskar, og psykologstillinga(ne) vil bli knytt tett opp til dette arbeidet saman med resten av tenestene våre både i rettleiing, undervisning og det førebyggande arbeidet i skulane og barnehagane, og tilstøytande tenester som vaksentenestene psykisk helse og rus og  barneverntenesta. Stillingane vil og verta knytt opp til det utviklingsarbeidet me er i gong med på kompetanseutvikling og samarbeid med barnehagar og skular.

100 %  fast stilling, er tenkt arbeidd opp i mot skular og ungdomsmiljø saman med skulehelsetenesta, PPT, Utekontaktane og SLT- koordinator i Stord kommune. Ein vil arbeida med rettleiing og fagstøtta til tilsette i tenestene, undervisning og noko individkontakt innanfor fagfelta psykisk helse og rus saman med resten av tenesta.

2 x 100 % prosjektstillingane vil verta knytt opp til dei yngste brukarane våre i hovudsak i helsestasjon og svangerskapsomsorga. Me har ein solid kompetanse i våre 3 helsestasjonar, og ynskjer å supplere med psykologkompetanse til systemarbeid, rettleiing og fagstøtte til dei tilsette i tenestene, foreldrekurs både målretta og førebyggjande, individkontakt og vurderingar av enkelt brukarar. Samt samarbeid med dei øvrige tenestene som er i eininga vår, barnehagar og skular.

Stillinga(ne) vil verta organisert under einingsleiar.

Me søkjer etter psykolog(ar) med fylgjande eigenskapar:

  • Med høg samarbeidskompetanse og som trives med tverrfaglege team
  • Med høg arbeidskapasitet og som likar faglege, effektive prosessar
  • Med humor, fleksibilitet og mykje arbeidslyst
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Erfaring med systemarbeid og førebyggande, samfunnsretta arbeid
  • Personleg eignaheit vil verta vektlagd

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent psykolog eller psykologspesialist
  • Interesse for samfunnspsykologi, førebygging og tidleg innsats
  • God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • Gyldig førarkort og kunne disponere eigen bil

Me tilbyr:

  • Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
  • Gode arbeidsmiljø og høgt kompetente og trivlege kollega
  • Moglegheiter for å påverke og utvikla tenestetilbodet vårt
  • Tilsetjing på kommunale vilkår
  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringar

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Har du spørsmål kring stillingane ta kontakt med:
Einingsleiar Birthe Blokhus, tlf 92064415 – birthe.blokhus@stord.kommune.no
Kommunalsjef Mariann J. Hilt, tlf 41416503. mjh@stord.kommune.no
 

Søknadsfrist: 28.02.20

Søk på stilling