24% vikariat med arbeid annakvar veke

13,33% fast stilling med arbeid måndag og torsdag ( 09.45-12.15)

Ein kan søkja på begge eller ein av stillingane.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Hoppa/ stupa/ frå 3 m. høgd
  • Symja direkte 100 m på bryst og 100 m på rygg
  • Dukka og henta opp ei livredningsdokke eller partnar frå 4 m. djup
  • Føra i land ein person (20 m.) og direkte gjennomføra hjarte- lunge-redning (HLR) på øvingsdokke
  • Undersøkja medvitslaus og medviten person
  • Behandla sår og skader
  • Søkar må vera over 18 år
  • Glad i å omgås menneske
  • Godt humør
  • Serviceinnstilt

Det er ein føremon at vedkommande har gjennomført årleg livredningsprøve. Det vil elles bli gitt tilbod om dette årleg.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Aud Reidun Solberg 975 52 176

Søknadsfrist: 28.02.2020

Søk på stilling