Nattevaktene ved Stord sjukeheim har ansvar for 4 pleieavdelingar og omsorgsleilegheiter i Backertunet. Nattevaktene rullerer mellom avdelingane slik at ein vert kjend med alle bebuarane.

Me har god sjukepleiardekning og eit godt fagmiljø, og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både bebuarar og tilsette.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
  • Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 53 45 43 75 eller 53 45 45 05, eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland tlf 53 45 45 10 eller 97 55 20 97

Søknadsfrist: 28.02.2020

Søk på stilling