Husahaugen er eit nytt døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med utviklingshemming. Husahaugen bufellesskap er organisert i Eining for habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Husahaugen ligg lokalisert på Haga, med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell. Her er det 9 bustader, samt personalbase og stort fellesrom. Me har og eit flott uteområde. Bufellesskapet ligg nær daglegvarebutikk og busstopp.

Det er planlagt oppstart september 2020.

Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert. God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Menn vert oppmoda til å søkja.

Avdelinga er tenkt inndelt i to arbeidslag, eit i Husahaugen og eit i Miljøgruppa. Arbeidstida vert organisert i turnus, dag/kveld, med langvakter 4.kvar helg. Det vert eigne nattevaktstillingar.

 

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Gi omsorg, skape tryggleik og livskvalitet for brukar

  • Legge til rette for aktivitet, trivsel og meistring

  • Yte tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk

  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard

  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane

  • Kjenne til og bruke eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar

  • Halde deg fagleg oppdatert

  • Sørge for presis og utfyllande dokumentasjon

  • Gjere deg kjent og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Miljøterapeut – autorisert vernepleiar/sjukepleiar

  • Fagkoordinator – autorisert vernepleiar

  • Førarkort klasse B.

 

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Kontaktperson: Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048

 

Søknadsfrist: 17.04.2020

Søk på stilling