Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med 18 000 innbyggjarar.  Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo.

Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv.  Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar.

Langeland skule har frå hausten 2020 ledig fast 100 % stilling.
Stillinga er delt mellom avdelingsleiar, minimun 50 %, og undervisning.

Langeland skule med sine om lag 410 elevar og 58 tilsette, er den største av sju barneskular i Stord kommune og ligg sentralt plassert mellom Leirvik og Heiane. Skulen legg vekt på inkludering, tilpassa opplæring, i tillegg er lesing/språk satsingsområde.

Me søkjer ein leiar som:

  • Vil utvikla og leia ein god skule i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar, andre tilsette og rektor
  • Praktiserer relasjonsleiing
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla skulen set seg
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Likar undervisning, leiing og administrasjon
  • Er positiv, initiativrik og strukturert
  • Vil skapa eit inkluderande, godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø
  • Involverer seg i skulekvardagen på Langeland skule

Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis og kompetanse innan administrasjon/leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Rektor Anita Eriksen

Søknadsfrist: 06.04.2020

Søk på stilling