Avdelingssjukepleiar for nattevakter og heildøgnsbemanna omsorgsbustader i Backertunet frå 01.09.20.

Som avdelingssjukepleiar er du ein del av eininga si leiargruppe og me kan tilby eit spanande og utfordrande fagmiljø med nært samarbeid på tvers av avdelingane.

Me søkjer etter ein person som ynskjer å leia med fokus på fagkunnskap og utvikling, og som innehar rett kompetanse for dette arbeidet. Me ynskjer ein avdelingssjukepleiar som er kreativ, kan jobbe sjølvstendig, har arbeidsglede og likar utfordringar. Avdelingssjukepleiar må vere løysningsorientert og ha evne til å motivere og engasjere sine medarbeidarar.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Dagleg drift av avdelinga og følgje opp eininga og avdelinga sine målsetjingar
  • Ansvar for at me yt tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursar.
  • Personalansvar
  • Samarbeid og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
  • Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Halda seg fagleg oppdatert
  • Gjera seg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med utdanning og/ eller erfaring frå leiing
  • Erfaring frå eldreomsorg er ein fordel
  • Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, telefon 97552097

Søknadsfrist: 15.04.20

Søk på stilling