Eininga omfattar ulike tilbod, som dagsenter, bufellesskap og oppsøkande team til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar. Me har ledig stilling i avdeling Bufellesskap og avdeling Dagsenter –Lågterskel helsestasjon. Ein må rekne at ein vil kunne få tildelt  arbeidsoppgåver generelt i eininga.

Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med andre tenester, tverrfagleg samarbeid, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.

 

Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner.

og som har:

  • Sjukepleiarutdanning med vidareutdanning innan fagfeltet
  • Erfaring innan rus og psykisk helsefeltet
  • Arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Er positiv, initiativrik og strukturert
  • Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
  • Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set

Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit. Søkjar må ha sertifikat. Menn vert oppmoda til å søkje. 

Sjukepleiar utan vidareutdanning, men med relevant erfaring innan fagfeltet kan bli vurdert.  

Tilsetting snarast etter avtale.

 

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje

 

Opplysingar om stillingane kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland  tlf. 952 43 278, avdelingsleiar Bufellesskap Ina Blikra Valvatne tlf. 907 31 606, avdelingsleiar Dagsenter –lågterskel helsestasjon Kenneth Stenbråten tlf 994 40 508.  

 

Søknadsfrist: 31.05 2020.

Søk på stilling