Stord kommunalteknikk, SKT, er ei eining i Stord kommune, lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane, og har 40 tilsette innan fagfeltet veg, vatn og avløp. SKT har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn og avløpsanlegg.

Stord kommunalteknikk vedlikehald 150 km kommunale vegar, 12 bruer, 260 km vassleidningar, 180 km avløpsleidningar med tilhøyrande tekniske installasjonar og pumpestasjonar, samt vasskjelder, høgdebasseng og vasshandsamingsstasjon.

Årleg investerer me kring 100 mill. kroner til nyanlegg og fornying og av våre anlegg.

Ønska utdanning og erfaring

  • Utdanning med bachelor innan fagfeltet veg, vatn og avløp.
  • Erfaring med prosjektstyring og prosjektadministrasjon av bygge - og anleggsprosjekt, samt kontrahering og kontraktsoppfølging av rådgjevarar og entreprenørar.
  • Det er ynskeleg med leiarerfaring og praksis innan innkjøp i privat eller offentleg sektor.
  • Kandidatar som manglar kommunalteknisk høgskuleutdanning, men har praksis og relevant erfaring innan prosjektstyring, fagfeltet VVA, oppfordrast også til å søkja

Ønska eigenskapar

  • Kan arbeida sjølvstendig.
  • Resultatorientert og kostnadsbevisst.
  • Omgjengeleg og utadvendt med evne til samarbeid, byggja nettverk og relasjonar.
  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Har erfaring med bruk av IKT-verkty.
  • Har førarkort for bil.

Me kan tilby

  • Ein spanande jobb med planlegging og gjennomføring av investeringar / VVA prosjekt.
  • Samarbeid med kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon.
  • Ryddig arbeidstid.
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø der HMT vert vektlagt.
  • Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hos einingsleiar Roy-Sverre Amundsen tlf. 99 22 57 85 eller avdelingsleiar for Plan og utbygging Arnstein Hetlesæter tlf. 97 55 20 62

Søknadsfrist : 02.08.2020

Søk på stilling