Arbeidsoppgåver:

  • Vurdera søknader og gjere vedtak om individuelt tilpassa tenester gjennom enkeltvedtak. Sakshandsamingsområdet er jf. helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettighetslova.
  • Samarbeida med ulike tenesteytarar for å bidra til heilskap i tilbodet.
  • Anna sakshandsaming etter avtale med einingsleiar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Fortrinnsvis sosialfagleg utdanning på høgskulenivå, t.d vernepleiar, sosionom eller tilsvarande
  • Erfaring innan liknande arbeid vil verta vektlagt og kan erstatta utdanningskravet
  • Erfaring frå sakshandsaming og kjennskap til aktuelt lovverk.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og tverrfagleg.
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • God evne til samarbeid
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel, løysingsorientert og omstillingsdyktig

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

 

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Interesserte søkjarar kan få nærare opplysningar hos einingsleiar Britt S. Dalsgård på tlf 975 52 102

Søknadsfrist: 06.12.20

Søk på stilling