Heimebaserte tenester i Stord består av 3 geografisk inndelte avdelingar. Me gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande i heile kommunen. Avdelingane er delt inn i tre arbeidslag, som arbeidar etter primærkontaktmodellen. Stillingane er for tida plassert i  avdeling Nord, som starter opp eit pilotprosjekt med ei blanding av langvakter og vanlege vakter frå 15. februar 2021.  Det er arbeidshelg kvar 4 helg. Ta kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon! Dersom du ikkje ønsker langvakter, kan du og søkje. Du må då skrive dette tydeleg i søknaden.

Arbeidsoppgåver:

Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring og oppfølging av sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjonar og sjukepleiedokumentasjon i høve brukarane. Du har evne til å prioritere og å handtere hektiske periodar og akutte situasjonar. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar. Du bidreg til kvalitetsutvikling, rettleiing og HMT arbeid. Du har fokus på brukarmedverknad og møter brukar og pårørande i tråd med «Kva er viktig for deg?»

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Gode IT kunnskapar
  • Ønskeleg med relevant erfaring, anten frå studie eller praksis
  • Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig
  • Du har førarkort kl B

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er stolt over sjukepleiarfaget
  • Har evne til samarbeid og fleksibilitet
  • Arbeidar målretta og resultatorientert
  • Gjev og tek i mot rettleiing
  • Arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Har evne til kritisk refleksjon over eigen praksis

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Støtte til relevant vidareutdanning etter gjeldande regelverk/praksis
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

 

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Kjellaug Øvrebø Johansen tlf 928 18 470

Einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf 975 52 102

Søknadsfrist: 06.12.20

Søk på stilling