Vil du være med og starte opp noko nytt og spennande?

Husahaugen er eit nytt døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med utviklingshemming. Dei første bebuarane flytta inn 01.09.20.

Husahaugen bufellesskap er organisert i Eining for habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Husahaugen ligg lokalisert på Haga, med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell. Her er det 9 bustader, samt personalbase og stort fellesrom. Me har òg eit flott uteområde. Bufellesskapet ligg nær daglegvarebutikk og busstopp.

Som avdelingsleiar er du ein del av eininga si leiargruppe og me kan tilby eit spanande og utfordrande fagmiljø.

Me søkjer etter ein person som ynskjer å leia avdelingane med fokus på fagkunnskap, og som innehar rett kompetanse for dette arbeidet. Me ynskjer ein avdelingsleiar som er kreativ, kan jobba sjølvstendig, er målretta, har arbeidsglede og likar utfordringar. Avdelingsleiar må vera fleksibel og ha evne til å motivera og engasjera sine medarbeidarar, og vera løysingsfokusert med fokus på brukarane og medarbeidarane. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting.

Arbeids- og ansvarsområde er blant anna:

  • Ansvar for dagleg drift i avdelingane og følgja opp eininga og avdelingane sine målsetjingar
  • Ansvar for at me yt tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak
  • Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Kjenna til og bruka eininga og avdelingane sine prosedyrar og rutinar
  • Gjera seg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i drift

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert vernepleier, autorisert sjukepleiar eller relevant sosialfagleg utdanning på bachelor nivå.
  • Relevant leiarerfaring
  • Relevant leiarutdanning er ynskeleg
  • Du treng gode datakunnskapar og god framstillingsevne både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med kjennskap til aktuelle fagsystem som kommunen brukar

Me kan tilby:

  • Løn etter kvalifikasjonar, i tråd med Stord kommune sin lønsutviklingsplan
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Stillinga er dagtid, 37,5 timar/veke
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson:

Einingsleiar Nina Steinsbø Walquist tlf. 53 49 68 82/975 52 048

Søknadsfrist: 06.12.20

Søk på stilling