Avdeling bufellesskap består av to ulike tiltak. Målgruppa er personar med psykiske vanskar. Det eine tiltaket er eit bufellesskap med fleire bebuarar, det andre tiltaket er bufellesskap med einskilt brukar som treng tett oppfølging.

Me har brukar i fokus, kan tilby mangfald i arbeidsoppgåvene, arbeid i fagteam, samarbeid med andre tenester, tverrfagleg samarbeid og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.

Me søkjer etter:

  1. 30,52 % -Helgestilling

  2. 23,47% - Helgestilling

  3. 34,04 % -Helg og natt

Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner, og som har:

  • Relevant høgskuleutdanning innan arbeidsfeltet, gjerne med vidareutdanning.
  • Relevant helsefagleg utdanning, gjerne med vidareutdanning.
  • Har erfaring innan psykisk helsefeltet.
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set.
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner.
  • Er positiv, initiativrik og strukturert.
  • Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
  • Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit. Søkjar må ha sertifikat.

Arbeidsoppgåvene vil i periodar kunne vera knytt til andre tenester.

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland tlf 952 43 278 eller avdelingsleiar Bufellesskap Ina Blikra Valvatna tlf 907 31 606.

Søknadsfrist; 06.12.20

Søk på stilling